Einar Hovdhaugen
Einar Hovdhaugen fødd 26. februar 1908 på Hovdhaugen inst i Venabygda i Ringebu, død 1. juli 1996 var bonde, organisasjonsmann, politikar og lokalhistorikar i Gudbrandsdalen.
Hovdhaugen tok over heimegarden 30 år gamal. Han hadde betydelege kulturelle og samfunnmessige interesser. Han hadde regionale og nasjonale verv både i Bondelaget og Bondepartiet, m.a. som generalsekretær for partiet i åra 1946-49 og stortingsrepresentant 1958-1969. Her sat han i kyrkje- og undervisningskomiteen og fekk der utvikle kulturinteressa.
Hovdhaugen var mellom anna med i Landbruksrådet, kringkastingsrådet, styret for Riksteateret, teaterkomiteen av 1960, Folkeskolekomiteen av 1964, Vogt-komiteen og Nobel-komiteen.
Innafor lokalshistoria gjorde han òg ein betydeleg innsats. Han skreiv fleire bøker om nasjonale emne, m.a. om husmannstida, slektsgransking, det gamle arbeidslivet, føderådsskipnaden, døden, emigrasjon m.m.
Hans skreiv òg 2-bandsverket Gardar og slekter i Fron og ei lang rad bøker og artiklar frå Gudbrandsdalen.
Hovdhaugen vart utnemnt til riddar 1. klasse av St. Olavs Orden i 1976 og fekk Norsk kulturråds pris for lokalhistorie i 1978.
Lenker
Kjelder
- Ringen, Asbjørn 1996: Einar Hovdhaugen (1908-1996). Årbok for Gudbrandsdalen s. 234-235.
- Om Einar Hovdheigen på Wikipedia.no