Aure gamle kommunehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. apr. 2012 kl. 09:04 av Kallrustad (samtale | bidrag) (litt småfiksing)
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure gamle kommunehus vart bygd i 1895, og var då kommunehus i Aure. Det var plassert like ved inngangen til Aure-tunnelen i sentrum. I 1983 vart eit nytt kommunehus teke i bruk, og det gamle kommunehuset vart ei tid bruka til m.a. blomebutikk.

Flytting og restaurering

Statens vegvesen gav etter kvart pålegg om at huset måtte vekk frå si opphavlege plassering. I 2000 tok Lånna kunst og handverkslag (no: Aure kunstlag) kontakt med Aure kommune, og signaliserte at dei var interesserte i å ta over huset. I 2001 gav Aure kommune klarsignal for ei slik overtaking.

I 2002-2003 vart huset flytta over på ny tomt ved Aure prestegard. Kunst og handverkslaget restaurerte 1. høgda og den utvendige delen av huset. I mai 2010 stod huset igjen klar til bruk.

Huset i dag

I dag fungerar huset som lokale for Aure kunstlag. Det vert arrangert kunstutstillingar med jamne mellomrom, samt laurdagskafè på somrane.

Linkar

  • Aure kunstlag (?): Aure gamle kommunehus, Aure kunstlag
  • Kiplesund, Kenneth (2012): Aure gamle kommunehus, Kulturminneatlaset
  • Kjølås, Berit Susanne (2010): Nytt liv i gamalt hus, NRK