Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2013 kl. 08:56 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Språkåret 2013''' er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Målet er å...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet.

Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013. Opningsarrangementet fann stad i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Theatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand den 2. januar 1913.