Fosen
- Denne artikkelen handlar om landskapet Fosen. For andre tydingar, sjå Fosen (fleirtyding).
Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Sør-Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde i høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av som eige futedømme under namnet Fosens fogderi.
Politikk
Futar
Tid | Namn |
---|---|
utnemnt 21. februar 1635 | Olaf Meckelborg[1] |
nemnt 1640 | Jakob Frantssøn[2] |
nemnt 1658 | Eilert Christofersen Schøller[3] |
utnemnt 4. april 1668 | Tøger Andersen Ørland[4] |
utnemnt 31. desember 1674 | Rasmus Jensen[5] |
utnemnt 9. september 1685 | Lauritz Pedersen Brønlund[6] |
utnemnt 1707 | Nils Cimber[7] |
kjøpte embetet ved kongeleg approbasjon i 1737; Virka til 1773 | Johan Ruberg[8] |
utnemnt 1792; virka til 1796 | Paul Berntsen[9] |
Språk
Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unntak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar.
Nyare regionsinndeling
Fosenregionen
I seinare år har dei av kommunane i landskapet Fosen som ligg på Fosenhalvøya inngått eit regionalt kommunesamarbeid med to kommunar i landskapet Innherad i Nord-Trøndelag og definerer seg som regionen Fosen.
Sør-Fosenregionen
Regionen Sør-Fosen omfattar Frøya, Hitra, Snillfjord (...)
Orkdalsregionen
Til Orkdalsregionen blir, saman med Meldal, Orkdal og Skaun, fosenkommunane Agdenes, Hemne og Snillfjord medrekna.[1]
Referansar
- ↑ Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 1. halvband, s. 257.

- ↑ Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 1. halvband, s. 257 f.
- ↑ Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 2. halvband, s. 133.
- ↑ Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 2. halvband, s. 135.
- ↑ Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 2. halvband, s. 135.