Peder Nilsson Grov
Hopp til navigering
Hopp til søk
Peder Nilsson Grov (fødd kring 1655 i Luster, død kring 1714 i Jostedalen) var frå Nordre Drevdal i Luster. Han vart gardbrukar og leiglending på Grov i Jostedalen då han kring 1696 gifte seg med Martha Olsdotter, enkja etter den føregåande brukaren Knut Andersson Grov.
Han dreiv garden til stesonen, klokkar Ole Knutson Grov fekk overta i 1712.
Peder var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1705-1707, eit ombod Knut Andersson Grov hadde hatt før.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 874. (Digital utgåve, NBdigital)