Eilert Waldemar Preben Ramm

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Eilert Waldemar Preben Ramm (fødd 4. mai 1769 i Furnes i nåverande Ringsaker kommune, død 15. mars 1837 i Vang på Hedmarken) var offiser og eidsvollsmann.

Ramm var son av major Eilert Jørgen von Hadelen Ramm (1720-1793) og Magdalene Wetlesen (1729-1813). Han skal vere fødd på «Lille Håvie» i Furnes, men det har ikkje lykkast å identifisere denne heimen nærare. Han var nest yngst av sju sysken (sjå liste i artikkelen om Nicolai Hersleb Ramm). Fire av fem gutar i syskenflokken vart offiserar, den femte (Ove William) vantar vi opplysningar om.