Lars Johannes Irgens
Lars Johannes Irgens (fødd 9. oktober 1775 i Vang i Valdres (?), død 22. april 1830) var offiser, embetsmann og eidsvollsmann.
Irgens var presteson frå Hoff i Solør. Foreldra var sokneprest i Vang i Valdres Hartvig Irgens og Marthe Margrethe fødd Steen. Lars Johannes Irgens gifta seg på Ringsaker 26. juli 1801 med Christiane Louise Smith (fødd i Larvik 28. september 1778, død i Lyngdal 18. juni 1858). Ho var dotter til amtsforvaltar Hans Paludan Smith og Fredrikke Perbøll.
Som 14-15-åring byrja Lars Johannes på ein militær karriere. Han var kvartermeister da han frå 1793 vart kornett a la suite (i påvente av stilling) ved Opplandske nasjonale dragonregiment. Han vart sekondløytnant ved same regimentet frå 1800, fyrst ved Vestre Hedmarkske komopani, så ved Søndre Totenske kompani i 1802.
Han avbraut si militære karriere og søkte avskil 1803. Han avla same året juridisk embetseksamen og vart med ein gong utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn. Dette embetet styrte han til han døydde.
Irgens budde fyrst på Loftesnes i Sogndal der han leigde hus av forgjengaren Michael Fleischer. I 1816 flytte han til Solvorn, den gongen i Hafslo prestegjeld (no Luster kommune).[1] Der bygde han eit nytt hus, Kristianelyst, som tente som sorenskrivarbustad til 1964.[2]
I 1814 var Irgens utsending frå Nordre Bergenhus amt på riksforsamlinga på Eidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet.
Irgens døydde og er gravlagd i Solvorn. Han var far til Nils Irgens.
Notar
Kjelder og litteratur
- Koht, Halvdan: Artikkel om Irgens i Norsk biografisk leksikon (1934)
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914, s. 427.
- Ovenstad, Olai: artikkel om Irgens i Norske militærbiografier 1628-1814.