Peder Johnsen (eidsvollsmann)
Peder Johnsen (fødd i Dypvåg i nåverande Tvedestrand kommune 1783, døypt 30. november det året, død i Kristiansand 10. juni 1836), var underoffiser, rekneskapsførar ved marineverftet i Kristiansand, styrmann og skippar. Saman med Even Thorsen representerte Peder Johnsen «underklassene» (menige og underoffiserar) i Sjødefensjonen ved Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.
Peder var son av gardbrukarparet Jon Tellefsen Nes (1734-1804) og Maren Pedersdotter (1743-1804). Han gifta seg i 1810 med Cathrine Margrete Nilsdotter Nedenes (fødd i Mandal 1788, død i Kristiansand 1832). Dei fekk sju born fødde i tidsrommet 1812 til 1827. Fire år etter at han vart enkjemann, gifta Peder seg oppatt med Elisabeth Cathrine Eliasdotter (fødd i Høvåg 1808). Ho var dotter til marketenter Elias Olsen Øresland og Ellen Cthrine Svendsdotter. Men berre to månader etter bryllaupet døydde Peder Johnsen. Det vart ikkje barn i dette korte ekteskapet.
Det synes klårt ut frå den stillinga han hadde som rekneskapsførar ved verftet i Kristiansand, at Peder Johnsen må ha hatt opplæring ut over vanleg omgangsskule. Sophus Jenssen (1962-63) gjet på at han hadde gått på fastskulen på Borøya, som var den andre fastskulen i amtet, lenge før fastskular vart obligatoriske på bygdene. Det kan og vere at Peder Johnsen hadde vist evner nok til at han vart teken ut til den nødvendige utdanninga og opplæringa i det sjømilitære systemet han gjorde teneste i. På det tidspunktet han vart valt til Riksforsamlinga på Eidsvoll, var han både grunneigar i Dypvåg og huseigar i Kristiansand, der familien slo seg til på permanent basis. Det framgår ikkje av gjennomgådde kjelder korleis gangen hans i yrkeslivet var, dvs. underoffiser, rekneskapsførar, sjømann, styrmann og skippar.
På Eidsvoll vart han rekna til Sjølvstendepartiet, men lite og ingenting er elles kjent om innsatsen hans der.
Kjelder og litteratur
- Jenssen, Sophus: Artikkel om Peder Johnsen i Årsskrift for Agder historielag nr. 41, 1962-63.
- Koht, Halvdan: Artikkel om Peder Johnsen i Norsk biografisk leksikon (1936).