Peder Johnsen (eidsvollsmann)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. apr. 2014 kl. 06:23 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Johnsen (fødd i Dypvåg i nåverande Tvedestrand kommune 1783, døypt 30. november det året, død i Kristiansand 10. juni 1836), var underoffiser, rekneskapsførar ved marineverftet i Kristiansand, styrmann og skipper. Saman med Even Thorsen representerte Peder Johnsen «underklassene» (menige og underoffiserar) i Sjødefensjonen ved Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Bakgrunn og familie Peder tilhørte eit tids- og stadtypisk integrert sjikt av bønder og grunneigarar, skipperborgarskap og forretningsdrivande, etter måten velståande, men ikkje retteleg overklasse om ein jamfører med storborgarskapet og skipsreiarane i byane. O.A.Aalholm skildrar opphavsmiljøet til Peder Johnsen slik:

«I århundrer hadde Peder Johnsens forfedre sittet i mere eller mindre sorgfri kår omkring Oksefjorden. De holdt til på egen jord og grunn, gårder eller gårdparter, ofte med skog til Ikke sjelden eide de dessuten sine egne fartøyer helt eller delvis, og var sjøfolk. Undertiden hadde de borgerskap i nærmeste by.»

Foreldra var gardbrukarar på Nes (gnr. 33 i Dypvåg). Samtidig var faren, Jon Tellefsen Nes (1734-1804) skipper og borgar og med jordeigedomar fleire stader i distriktet.[1] Mora, Maren Pedersdotter (1743-1804), var fødd og oppvaksen på Nes.

Han gifta seg i 1810 med Cathrine Margrete Nilsdotter Nedenes (fødd i Mandal 1788, død i Kristiansand 1832). Dei fekk sju born fødde i tidsrommet 1812 til 1827. Fire år etter at han vart enkjemann, gifta Peder seg oppatt med Elisabeth Cathrine Eliasdotter (fødd i Høvåg 1808). Ho var dotter til marketenter Elias Olsen Øresland og Ellen Cathrine Svendsdotter. Men berre to månader etter bryllaupet døydde Peder Johnsen. Det vart ikkje barn i dette korte ekteskapet.

Det synes klårt ut frå den stillinga han hadde som rekneskapsførar ved verftet i Kristiansand, at Peder Johnsen må ha hatt opplæring ut over vanleg omgangsskule. Sophus Jenssen gjet på at han hadde gått på fastskulen på Borøya, som var den andre fastskulen i amtet, lenge før fastskular vart obligatoriske på bygdene. Men den skulen kom venteleg etter at det kan ha vore ektuelt for unge Peder, så opplæringa må ha kome på annan måte. Om ikkje før har han fått nødvendig utdanning og opplæring i det sjømilitære systemet han gjorde teneste i. Han skal ha teke navigasjonseksamen for å bli styrmann.[2]

På det tidspunktet han vart valt til Riksforsamlinga på Eidsvoll, var han både grunneigar i Dypvåg og huseigar i Kristiansand, der familien slo seg til på permanent basis. Det framgår ikkje av gjennomgådde kjelder korleis gangen hans i yrkeslivet var, dvs. underoffiser, rekneskapsførar, sjømann, styrmann og skippar.

På Eidsvoll vart han rekna til Sjølvstendepartiet, men lite og ingenting er elles kjent om innsatsen hans der.

Referansar

  1. Danielsen, D. og Jenssen, S. 1965:228, jf. Aalholm, O.A.1972:118.
  2. Aalhom, O.A. 1972:119.

Kjelder og litteratur

  • Jenssen, Sophus: Artikkel om Peder Johnsen i Årsskrift for Agder historielag nr. 41, 1962-63.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Peder Johnsen i Norsk biografisk leksikon (1936).