Årsetøya
Hopp til navigering
Hopp til søk
Årsetøya er ei øy og ein gard med gards/bruksnr. 42/3 i Austefjorden i Volda kommune. Bygsla av begge bruka på Årset i 1854. Busett frå 1858, dei siste brukarane som budde på øya var Andreas og Knut Aarsetøy. Etter at Andreas døydde i 1981 budde Knut på øya åleine. Siste åra var han der om sommaren, og var vintrane hos systerdottera Signy Ryste i Hovdebygda. Ho er eigar av Årsetøya i dag. Andreas og Knut bygde opp Årsetøysamlingane som seinare er flytta til Austefjord Museum.
Båtane som høyrde heime her:
"Barmann" Ein "spisstemna møring med dekk"
"Olena" eller "Oline" (skrive på fleire måtar). Oppborda seksring med dekk og gaffelrigg
MB_«Litleveiren»_M_20_VA. Tilhøyrde Årset notlag. Brukt frå øya
Bilde Årsetøya
Litteratur
- Busetnadsoge for Volda b.3 s.502. Vidare er der historisk stoff om Årset krins frå s.460.
Kilde
- Busetnadssoga for Volda band 3
- Voldasoga II s 399.