Telemark mållag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Telemark mållag heitte frå byrjinga berre Telelaget. Laget blei stifta i 1908 og er eit fylkeslag for Noregs mållag. Ei av dei viktigaste sakene for mållaga i Telemark har vore skulemålsaker.
Mållaget hadde i 2005 ei rekkje lokale mållag, m.a. Bø, Drangedal, Fyresdal, Heddal og Notodden, Hjartdal, Kviteseid, Lunde, Nes, Nissedal, Rauland, Seljord, Vinje, Tinn og Tokke. I tillegg til desse kom Norskdomslaget i Porsgrunn og Mållaget Dag i Skien. Det største lokallaget låg i Vinje, der ein hadde meir enn 80 medlemar i 2005 (mot 195 medlemmer i 1980).[1]
Kjelder
Rovde, Olav og Ingvar Skobba (red.), Telemarks historie, etter 1905, Skien, 2015. Lenke til digital utgåve på Telemarkskilder
Referansar
- ↑ Rovde (red.), 2015, 271