Esefjorden krins
Esefjorden krins var ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn.
Skulehus
Skulehuset låg mellom gardane Grøneng og Nesheim på nordsida av Esefjorden i Balestrand. Skulehuset vart rive på 60-talet då den nye vegen langs fjorden vart bygd. Skulehuset hadde plass til 24 born i klasserommet. Huset hadde også eit «aftrædelsesværelse».
Skulehuset på Grøneng bestod av eit klasserom. For varme hadde dei ein stor vedkomfyr og dei hadde innlagt vatn. Dei hadde ogso ein lekeplass og utedo på skuleplassen. Rundt juletidar blei det arrangert juletrefest. I klasserommet vart det både en- og tomannspulter.
Skuledagen
Skulen starta 9 om morgnenen og dei gjekk på skulen annakvar dag. I friminuttane var da mykkje leik, og det skal ogso ha vert lite mobbing. Foreldre var ikkje aktive i skulegangen, og ofte følgte dei ikkje barna til skulen i 1.klasse heller. Kvar morgen begynte med salmevers som man måtte pugge. Man måtte ta med seg mat heimefrå. For eksamen kunne dei blandt anna ha norsk og regning. Man kunne ogso ha muntleg eksamen. Dei hadde ogso innleveringar man måtte ta med heimefrå, skrevet med skjønnskrift. Dei hadde utstyr som blyanter og passare.
Skulevegen
Fleire elevar kom frå andre sida av fjorden. Det vert fortald at mot slutten av skuledrifta, på tidleg 60-tal, tok læraren, som budde i Balestrand, med seg elevar som ikkje sokna til Esefjorden over i robåt då han reiste på arbeid. Dette for å halde elevtalet oppe og skulen i drift.
Gunnvor Høydal forteller at skulevegen var på ca 1 kilometer, men ogso at det var andre elevar som måtte gå lengre.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Øvrebø[1] | A.P. | 1842 | Esefjorden krins | 1864 | 1888 | Seminar på Stord | Kyrkjesongar |
Foto
Fotnotar
- ↑ Dagbok for Esefjorden krins 1882-1905
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
- Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Munnlege kjelder frå grunneigar av det som var skuletomta.
- Munnlege kilder frå Gunnvor Høydal