Geiranger kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Geiranger kyrkje er ei åttekantkyrkje i Geiranger i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1842 og er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var (?) Klipe. Kyrkja har 125 sitjeplassar.[1] Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Ho er utsmykka av treskjerar Einar Flydahl. Altartavla frå 1902 er måla av Harald Brun. Motivet er den trøystande Kristus. Ei av kyrkjeklokkene er frå 1899. I 1964 fekk kyrkja orgel.
Rereransar
Koordinater: 62.09885° N 7.2071806° Ø