Vassvøri Sogelag
Vassvøri sogelag vart skipa den 5. mars 1993. http://www.vassvori.sogelag.org/index.html
Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv.
Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalsoga og kulturvern. Laget samlar inn, tek vare på, og formidlar det som kan fortelja om levekåra i grendene gjennom tidene.
Sjølv om røtene går attende til førhistorisk tid med busetnad inst i Bolstadfjorden; medan isbreloket enno låg over storparten av Vossaveldet, har sogelaget til no funne oppgåver i nærare tid. Desse oppgåvene vil sogelaget at gamle og unge på Bolstad, på Evanger og i Teigdalen skal fatta interesse for, og løysa i aktivt samarbeide.
Laget gjev ut sogebrevet ”Vassvøringen” til medlemene, 3 – 4 gonger i året.
Årsskriftet ”Frå fjell til fjord” kjem ut årleg i månadsskiftet november/desember. Skriftet starta opp i 1995; men då nærast som eit meldingsblad til medlemene. Framsida var i fargar; medan resten var kopierte ark i A4-format. Frå 1997 er skriftet prenta i bokform, i eit opplag på om lag 600 eksemplar.