Brandsøy gamle skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Brandsøy gamle skule (Gamleskulen) i gamle Kinn kommune står i Brandsøy eit lite stykke unna planteskulen og golfbana. I 1898 løyvde Kinn skulestyre 500 kroner til krinsen til skulehus. Tomta var på 1/2 dekar.
Ut over 60-åra såg ein at skulehuset vart for lite. I 1994 flytta Brandsøy kins inn i ny skule på Slettevollen.
Skulehuset
Skulen var eit lite hus med eit klasserom og eit lite kammers til læraren. Elevane sat på to-mannspultar, med hol i pultplata til blekkhuset. I 1939 vart skulehuset flytta 20-30 meter og påbygd til dobbel storleik.
Anna bruksområde
Etter at skulen vart flytta overtok kulturetaten det gamle skulebygget til ungdomstiltak. Sidan har Brandsøy grendalag teke over.
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.