Eigarar av Jostedal kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dette er ei liste over dei private eigarane av Jostedal kyrkje frå kyrkjesalet kring 1723 til kommunen fekk hand om den siste eigarparten i kyrkja i 1909.
I samband med reformasjonen la kongemakta alt kyrkjegods under seg. I 1720-åra vart så dei aller fleste landkyrkjene auksjonerte bort til private. Jostedal kyrkje vart òg seld, truleg i 1723 (sjå Leksikon:Kirkegods).
År | Eigar(ar) | Merknader |
---|---|---|
Ca 1723-1726 | Henrik Nitter | Skøyte 11. august 1725 utferda til Nitters arvingar |
1726-1751 | Hans Hansson Wiingaard | Skøyte 2. november 1726 |
1751-1762 | Ole Anderson Åsen, John Erikson Nedrelid og Henrik Anderson Kreken | Skøyte 22. juli 1751 |
1762-1785 | Otto Olson Grov | Skøyte 19. juli 1762 |
1785-1793 | Nils Larsson Li og Erik Anderson Åsen | Skøyte 1. juni 1785 |
1793-1833 | Johannes Asbjørnson Hus | Skøyte 3. juni 1793. Kyrkja må ha vorte seld då Hus døydde i 1833[1] |
1833-før 1849 | Rasmus Hansson Hellegård? | Vantar førebels dokumentasjon, men sonen Hans og svigersonen Lars var dei to neste eigarane |
Før 1849-1891 | Hans Rasmusson Hellegaard | Nemnd som kykejeigar 1851.[2] Eigde 11/12 av kyrkja. Fødd 1818, så han var for ung til å kjøpe kyrkja i 1833 |
Før 1851-1860? | Lars Erikson Espe | Nemnd som kyrkjeeigar 1851.[3] Fødd 1816, så han var for ung til å kjøpe kyrkja i 1833. Døydde 1860, og det er uklart kva som då hende med eigarparten |
1860?-1909 | Tøger Larsson Kronen | Eigde 1/12 av kyrkja. Fødd 1843, så han var for ung til å kjøpe kyrja i 1860. Det må såleis ha vore ein eigar imellom Espe og Kronen |
Frå 1891/1909 | Jostedal kommune | Overtok 1891 eigarparten på 11/12 og i 1909 den siste tolvdelen |
Etter Johannes Asbjørnson Hus vart det ikkje utferda skøyte på kyrkja, så det er uklart kven som har vore eigarar. Hans Rasmusson Hellegaard og Lars Erikson Espe var svogerar og fekk hand om kyrkja før 1849. Det er mogleg dei då overtok ho frå Rasmus Hansson Hellegård, som var far til Hans og svigerfar til Lars.
Notar
- ↑ Ein ny rekneskapsprotokoll for kyrkja vart teken i bruk i 1833
- ↑ Rekneskapsprotokoll 1833-1889, fol. 6a. Ei medteken rekneskapskladdebok ca. 1849-1873 tyder på at han var kyrkjeeigar seinast 1849
- ↑ Rekneskapsprotokoll 1833-1889, fol. 6a
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 325. (Digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 68-69.