Kongebilete i Moland kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kongebileta i Moland kyrkje i Fyresdal

I Kviteseid gamle kyrkje i Kviteseid kommune og Moland kyrkje i Fyresdal kommune heng det to identiske seriar med 11 kongebilete i form av målarstykke. Desse er særs interessante, både i seg sjølv og på grunn av at ein ikkje veit av noko tilsvarande i Noreg.

Bakgrunn

Ein veit ikkje noko om korleis og kvifor desse kom til to avsidesliggande kyrkjer i Vest-Telemark.

Kviteseid gamle kyrkje er ei mellomalderkyrkje bygd i stein og i romansk stil der kyrkja og prestegarden ligg ved vassdraget Skien-Dalen som var ei viktig ferdselsåre. Måleria skal ha blitt gjeve til kyrkja omkring 1750 av sokneprest Hans Jacob Block.

Moland kyrkje. I Fyresdal er dei fyrst nemnd hangande i korskyrkja som vart bygd i 1665 og rive i 1841, og dei vart flytta over i den nye kyrkja som vart bygd 1842 der dei framleis heng i 2023.

Om korskyrkja skriv  Wille: ”Molands Hovedkirke er en af Træ i Aaret 1665 opført Korsbygning, den smukkeste i Øvre Thelemarken, da den er lys, net malet og udsiret med alle Kongerne af den oldenborgske Stamme lige indtil Frederik V.”


Lund seier: ”I Choret sees alle Kongerne af den Oldenborgiske Stamme indtil Friderich den Vte salig og høilovlig Ihukommelse deres Portraiter.”


Qvisling fortel og om ”oljemalte portrætter av de elleve første oldenburgiske konger fra Kristian den 1ste til og med Kristian den 6te.”


Prost J. L.Qvisling skriv og: ”Det er muligens (ogsaa) Aagaard som har foræret samme kirke (Moland) oljemalte portrætter av de elleve første oldenburgske konger fra Kristian den 1ste til og med Kristian den 6te.” (Mag. Mathias Aagaard var prest i Fyresdal 1723 – 1746.)


Om sjølve bileta


«Me veit ikkje kven kunstnaren bak desse bileta var. Han kunne absolutt sitt fag, sjølv om evna til realistisk oppteikning sviktar her og der. Bileta er frodige, dekorative og har ein naivistisk sjarm. Så vart dei etter kvart satt i serieproduksjon der truleg fleire målarar var i arbeid samtidig og hadde si avgrensa oppgåve, truleg utan å sjå heilskapen.


På kvart måleri er det skrive nokre ord på latin. Nedst på dei seks fyrste finn me kongens levealder (Ætatis) og regjeringslengde (Regnauit). Øvst, på alle bileta, er monarkens valspråk ført opp. Valspråka er gode og fromme, og seier lite om kor ille desse mennene ofte styrte.


Ein kan grunne på om det ikkje ville vore meir oppbyggeleg å kvile augene på måleri av til dømes dei 11 salige apostlane. Men Oldenburgarar blei det altså. Det kunne i alle fall ikkje vera tvil om at dette var ei stats-kyrkje, når 11 dansk/norske statsoverhovud var representert i kyrkjerommet. Skjønt, dansk-norske? Desse karane var slett ikkje norske og knapt nok danske. Dei kom frå tyske fyrsteslekter, og snakka tysk alle sine dagar.

Kva slags tankar gjekk gjennom hausen på trauste Telemarksbønder når dei frå kyrkjebenkane såg opp på desse skikkelsane, pryda med perler, strutsefjør, silke og parykkar?»  Sitera frå ein avisartikkel  av Anders Kvåle Rue som og har peika på ein feil ved to av målarstykka:


Christian I. Det merkelege med dette måleriet er at medan monogrammet og valspråket tilhører Christian I, tilhøyrer andletet og kroppen Kong Hans! Her har altså portrettmålaren gjort ein grov referansefeil.


Kong Hans (Johannes).  På dette biletet har andletet til Christian I hamna, men monogrammet og valspråket høyrer til Kong Hans.


Kongebilete i Danmark

Museumsinspektør Vivian Etting ved Nasjonalmuseet i Danmark opplyser 2007 at det eksisterer fleire slike seriar med målarstykke av dei Oldenborgske kongane i meir eller mindre komplett stand. På Nasjonalmuseet har dei nokre, på Fredriksborg slott har dei fleire, og vidare er der ein del i kyrkjer. Det er ofte mange kopiar av same bilete.

Lektor Jens Vellev ved Afdeling for middelalder- og renæssansearkeologi ved Aarhus Universitet opplyser 2007 at han kjenner godt til desse seriane, han hadde for lenge sidan fått tilsendt materiale frå norske kunsthistoriske kollegaer. Han har samla mange seriar. Bileta er kopiar av kopiar og i Danmark heng det ei rekke slike på slott, herregardar, rådhus og ein del i kyrkjene opplyser han. Utgangspunktet for produksjonen synest å vere Regnum Daniæ Icones som kom ut i 1646. Den inneheld 102 nummerera kongeportrett. Portretta er oftast plassera i ein medaljong, og når det gjeld oldenborgarane finn ein valspråket på latin samt deira oppnådde alder, «Ætatis», og lengda på deira regjering, «Regnauit».


Fotografi av kongebileta i Moland kyrkje

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Henriksveen og Tveråen. Kirker i Telemark. Flora forlag. Stathelle 1986
  • Lund, Johann Michael. Prokurator. Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken. Joh. Rud Thiele (?) Kiøbenhavn.1785
  • Nilssøn, Jens: Biskops visitasbøger og reiseoptegnelser 1574-1597. Ei utskrift datera Kristiania 1885
  • Qvisling, J. L. Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Rue, Anders Kvåle. Kongelege tabber i Kviteseid. Telemark Tidend 6. des. 2007. Om ei spennande samling måleri frå midten av 1700-talet i Kviteseid gamle kyrkje.
  • Vellev, Jens. Asmild Klosterkirke i 900 år. Udgivet af Forlaget Hikuin. Danmark.1990.
  • Veum, Lars, red.: Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal Sokneråd 2013.
  • Wille, H. J. Utrykte optegnelser om Thelemarken. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. A. W. Brøgger. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)