Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-34
Olaf Heitkøtter (fødd 26. mars 1928 i Sel, død 11. oktober 2013 i Lesja) vart i 1950 tilsett som den første fjelloppsynsmann på heiltid i Noreg, og var aktiv i naturforvalting og naturvern heile livet. I 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for denne innsatsen.Olaf vart tidleg natur- og friluftsinteressert og meldte seg inn i Sel Fiskeforening alt i konfirmasjonsalderen. Denne foreininga dreiv med utsetting av yngel i elver og vatn, og dette var noko som interesserte Olaf i særleg grad. Han dreiv sjølvstudium i fiskeoppdrett og hadde planlagt å søkje seg inn på ein svensk fiskeriskule, men vart avbrote av militærteneste i Tysklandsbrigaden. Dette vart likevel ei viktig erfaring, for han var forlagt like sør for grensa til Danmark og fekk høve til å besøke fiskeoppdrettsanlegg der. Mange danske bønder hadde enkle anlegg og produserte fisk for sal, og nokre hadde òg små klekkeri der dei skaffa seg yngel til eige bruk eller sal.Les mer...