Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-9
Biografi kjem av gresk bios = liv og graphikos = skriving, teikning, og tyder altså heilt bokstaveleg «livsskildring», framstilling av ei livshistorie. Biografi er både ein litterær sjanger (med talrike undersjangrar) og ein fagdisiplin eller metode innan fleire vitskapsfelt som historie, kunst- og litteraturhistorie, og livsløpsgjennomgang er viktig også innan fag som psykologi og medisin. Ein viktig variant er sjølvbiografien, der biografen sjølv både er emne for og hovudkjelde til framstillinga. To eller fleire (ofte mange) personar kan få sine liv framstilte i ymse former for kollektive biografiar (gruppebiografiar, samlebiografiar m.m.). Utanom det dokumentariske og vitskaplege har biografien hatt ulike føremål og funksjonar gjennom tidene: religiøse, moralske, oppsedande, nasjonsbyggande, politiske, underhaldningsmessige osv.Mange kjende historiske personars livsløp, verk og personlegdom er forsøkt framstilt i skjønnlitterære former, som romanar, forteljingar for born osv., gjerne med eit underliggjande oppdragande føremål. Klassiske heltesoger og helgenforteljingar er skjønnlitterære verk.
Tradisjonelt er det vidkjende personar som helst blir gjorde til gjenstand for biografiar i bokform, oppslag i leksika, spelefilmar («biopics»), «dokudrama» på fjernsyn osv. Men innan sosialhistorie, kulturhistorie og andre fagdisiplinar, og ikkje minst i lokalhistorisk samanheng, vil også mindre kjende og «ubetydelege» personars livsløp og livsgjerning ha interesse.
Innan lokalhistoria finn vi biografiar mest i det mindre formatet, formidla som artiklar i årbøker og på Internett, og som massebiografiar i sjangeren gards- og slektshistorie.Les mer...