Mollandsmarka krins
Mollandsmarka krins var ein skulekrins i Hafslo i det som no er Luster kommune.
Skulehus
- Byggeår: 1952
- Brukt som skule fram til 1961
Skuledagen
Før skulehuset på Mollandsmarka vart bygd hadde dei omgangsskular rundt om på dei forskjellige gardsbruka, blant anna på læraren Torstein Molland sin gard som ligg rett oppanfor der skulehuset seinare vart bygd. Når skulehuset endeleg kom i 1952 var det ned mot 4 skulepliktige born i krinsen. Dette førte då i 1961 til nedleggelsen av skulen. Torstein Molland er beskrevet som ein kunnskapsrik og flink lærar som behandla kvar elev med respekt, og aldri utøvde noko form for straff dersom leksar ikkje var gjort eller for noko anna grunn
Skulevegen
Etter skulen vart nedlagt vart dei skulepliktige borna på Mollandsmarka overført til Hafslo gamle skule. I 1982 etter at foreldra på Mollandsmarka sendte grunngjeven søknad om å flytta borna sine til ny skule gjekk borna på skule i Indre Hafslo krins på Livdtun skule og på Luster ungdomsskule i Gaupne.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Molland | Torstein | 1879 | Molland krins | 1899 | Elverum | ||
Bathen | Mons | Molland krins | 1948? | ||||
Bøyum | Gudmund | Molland krins | 1950? |
Foto
Kjelder og litteratur
Digitale kjelder
https://www.nb.no/nbsok/nb/88f592ddc77c4051cec15a995532bcf3?index=2#427
Ikkje-prenta kjelder
Intervju: Svein Solheim, leiar i Hafslo sogalag
Intervju: Torstein Molland, kasserar i Hafslo sogalag og barnebarn av lærar Torstein Molland.