Nordbøbakken
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Nordb%C3%B8bakken-1.jpg&width=400)
Nordbøbakken sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Nordbøbakken på Nordbøåsen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein om lag 150 meter lang blindveg som går vestover frå vegen Nordbøbergja.
Vegen, som blei opparbeidd i 2004, har namn etter Nordbøgardane og blei namnsett i 2004. Åtte einebustader, sette opp kring 2006 har adresse til vegen.
Fram til 2015 starta vegen i Nordbøvegen. I samband med vidare utbyggjing av Nordbøåsen og opparbeiding av den nye tilførselsvegen Nordbøbergja, blei Nordbøbakken kobla til denne.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no