Torstein Lofthus
Torstein Lofthus (fødd 1886 i Øystese, død 20. november 1970) var fotograf i Øystese.
Han var son av lensmann Lars Johannesson Lofthus (1852-1926) og Elsebet Nilsdotter Skaar (1859-97), og vart gift i 1914 med Inger Kallestad. Dei fekk tre barn.
Etter læretid i Bergen starta han fotografforretning i Øystese i 1905, og var lenge bygdas einaste fotograf. Han reiste mykje rundt i heile Hardanger. Forutan å vere ein mykje nytta portrettfotograf var han òg interessert i å fotografere gamle gardstun, husmannsplassar og stølshus, og her gjorde han ein veldig nyttig innsats. Eit utval av hans glasplater finst på Historisk museum ved Universitetet i Bergen. Sonen Audun Lofthus har arkiv etter faren. Han var ein særs akta mann med tallause tillitsverv. Foretaket dreiv han til han var over 75 år, men heldt fram med å fotografera like til sin død.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Torstein Lofthus på Digitalt museum.
- Torstein Lofthus på KulturNav.
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Erlandsen, Roger: Norske fotosamlinger. Utg. Ad Notam. Oslo. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Torstein Lofthus i Historisk befolkningsregister.
![]() |
Torstein Lofthus er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|