Trio Bryggeri
Trio Bryggeri blei starta av Knut Hansson Kåsa i 1924. Bryggeriet låg frå byrjinga i Gjerpensgate 15 i Skien kommune, men flytta seinare produksjonen til Kjørbekk som ligg sør for Skien.
Frå byrjinga produserte bryggeriet fruktdrikk av ymse slag, med og utan tilsetting av kolsyre. Bryggeriet var det fyrste som på forretningsbasis tok til med pressing av eple og kaldfiltrering av safta til hundre prosent rein fruktjuice. Dette produktet fekk namnet Trio Epledrikk. Fabrikken tok i mot frukt frå fruktbønder, og produserte også marmelade - særleg med bakeria og konditori som kundar.
Snart tok bryggeriet til å produsere øl og mineralvatn, og bryggeriproduksjonen blei flytta til Kjørbekk. Blandt drikkane som vart produsert ved bryggeriet finn ein RC Cola, Trio Julebrus, Flux, Supporter-Øl, Trio Fatøl, pilsner og lettøl, Telemarks Eget Øl, Supporter Pilsner, Amund Pilsner, Frisk Sitron (tidl Frisk Sport), Frisk Tranebær, Frisk Natur, Frisk Vann, Asina og Asina Lett.
I 2002 blei Trio Bryggeri solgt av familien Kåsa til Macks Ølbryggeri i Tromsø, og i 2009 blei verksemda flytta til dei gamle lokala til Union på Klosterøya. Bryggeriet skifta samstundes namn til Union Bryggeri.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.