Vikhals handelssamlag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vikhals handelssamlag vart stifta i 1920 på Skarsøya i dåverande Stemshaug kommune på Nordmøre, og er i dag kjent som Coop Vikhals SA.
Historikk
På Vihals har det vore drive med handel sidan 1888, då det vart etablert ein landhandel her. I samband med dette vart det bygd butikklokale og brygge i to etasjar.
Ved stiftinga i 1920 fekk handelssamlaget leige butikklokalet frå 1888. Den årlege leiga var på 200 kroner.
I 1933 vart Vikhals handelssamlag innmeldt i NKL.
Butikken frå 1888 vart rive i 1961, same året stod det noverande butikkbygget ferdig.
Kjelder og linkar
- Kenneth Kiplesund: Kult.minneatlas: Coop Marked Vikhals
- Coop.no: Coop Vikhals