Vinje kyrkje (Hemne)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vinje kyrkje | |
---|---|
Foto: Olve Utne (2009).
| |
Stad: | Vinje i Hemne |
Byggeår: | 1820 |
Endringar: | Restaurert 1976 |
Kyrkjegard: | Ja |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkje |
Bispedøme: | Nidaros |
Prosti: | Orkdal |
Prestegjeld: | Hemne |
Fellesråd: | Hemne |
Sokn: | Vinje |
Arkitekt: | P. Konstum |
Materiale: | Tømmer |
Altartavle: | 1720, barokk |
Sitteplassar: | 150 |
Vinje kyrkje i Hemne i Heim kommune er ei åttekanta kyrkje i tømmer frå 1820.
Kyrkja har eit romansk krusifiks som kan vere frå slutten av 1100-talet. Det skal opphavleg ha stått utandørs med eit tak over, og vart attfunne under ei oppussing i 1950-åra. Altartavla frå 1712 er i nederlandsk barokkstil. Preikestol og altartavle vart flytta over frå gamlekyrkja.
Gamlekyrkja
Gamle Vinje kyrkje vart riven omkring 1820, då nykyrkja vart bygd. Det vesle tårnet vart teke vare på og flytta over, og det same gjeld altartavla og preikestolen.