Marit Trulsdotter (d. 1621)
Marit Trulsdotter (død 1621 eller 1622) var ei kvinne i Skjåk som vart brend på bålet for trolldom. Rettsprosessen gjekk føre seg våren og sommaren 1621. Avrettinga, utført av skarprettaren i Oslo, er ikkje datert, men er med i utgiftsrekneskapen til futen i Gudbrandsdalen for året 1. mai 1621 til 1. mai 1622. Vedlagt rekneskapen er ei utskrift av rettssaka mot Marit, fyrst på eit alminneleg bygdeting i Lom tinglag på våren, så på eit eige rettsmøte på ettersommaren der dom vart avsagd.