Eit/ein cembalo (frå Mal:It. clavicembalo) er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir danna av plekter som knipsar strengen. Dei eldste cembaloa vi kjenner til vart bygd i Italia1300-talet. Cembaloet hadde storheitstida si frå 1500-talet til 1700-talet, da fortepianoet etterkvart tok over. Det finst fleire ulike former av cembalo i tillegg til den vanlege, inkludert virginal, som er rektangulære instrument med klaviaturet på eine langsida; spinett, som er oftast meir eller mindre trekanta instrument med klaviaturet på skrå av strengene; og klavicyterium, der strengene er loddrette.

Cembalo (1773) av Burkat Shudi med veneziansk svellverk.
Foto: Gérard Janot (2011).

Virginal

 
Klaviaturet på eit italiensk virginal. Legg merke til at strengene ligg på tvers av klaviaturet. Merk òg omfanget, som berre går eit halvtrinn under C.
Foto: Olve Utne (2018).


Spinett