Hægebostad kommune ligg i Vest-Agder, og grensar til Kvinesdal i vest og nord, Åseral og Audnedal i aust og Lyngdal i sør. Administrasjonssenteret er bygda Tingvatn. Det er ingen tettstader i kommunen. Hægebostad fekk sine nåverande grenser i 1963, då Eiken vart samanslegen med gamle Hægebostad kommune.
Kommunen har ein del industri, særleg mekanisk industri og trevareindustri. I landbruket dominerar husdyrhald. Turisme har vorte ein viktig inntektskjelde. Det er om lag 800 hytter i kommunen, som berre har drygt 1600 innbyggarar (2012).
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|