Natadalsvegen

Sideversjon per 11. nov. 2021 kl. 12:41 av Rool (samtale | bidrag)

Natadalsvegen i Flatdal i Seljord kommune går søraustover frå Flatdalsvegen og gjennom Åsegrendi, med fleire sidevegar, til Natadalgardane. Frå bom ved Natadal øvre går Natadalsvegen vidare som skogsbilveg austover mot Mælefjell og greiner seg ut over eit stort område. Ei grein ender ved Sundbø-Mælestaul.

Parti frå Natadalsvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter Natadalgardane og går gjennom kupert jordbrukslandskap med mange gardar og ein del bustadhus. Etter Natadalgardane er det berre skog.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.57512° N 8.56383° Ø