Ålvundeid kommune
Ålvundeid herad på Nordmøre vart utskilt frå Øksendal herad den 1. januar 1899. Namnet vart først skrive Ulvundeid. Det nye heradet svara til Ålvundeid sokn, som hadde vorte oppgradert frå kapelldistrikt da Øksendal prestegjeld vart utskilt frå Sunndal prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 8. juli 1853. Øksendal og Ålvundeid vart innlemma i Sunndal kommune att den 1. januar 1960.
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Sunndal» på Disnorge.no