Årdal kommune (Rogaland)
Årdal kommune, Ryfylke i Rogaland, vart oppretta i 1859, då han vart skild ut frå Hjelmeland. Kommunen eksisterte til 1965, då han vart delt mellom nabokommunane Strand og Hjelmeland. Den sørvestre delen, sør for Årdalsfjorden, vart lagt til Strand kommune, medan resten av Årdal vart innlemma i Hjelmeland.
Heradet hadde ei flatevidd på 558 km2 og 864 innbyggjarar før samanslåinga i 1965.