Ødegårdsvegen (Sauherad)

ØdegårdsvegenGvarv i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå Åsvegen og endar i ei sløyfe lengst oppe i Ødegårdsfeltet. Han er 690 meter lang.

Ødegårdsvegen sett mot planteskulen.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter garden Øygarden (gnr. 191/9) som ligg på sida av feltet. Bustadbygginga her starta opp i 2011.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune: Planinformasjon, ID 11122011.


Koordinater: 59.39001° N 9.15754° Ø