Ḥaroset

Ḥaroset (חֲרֽוֹסֶת) er ein saus av frukt og nøtter som blir bruka som ein av dei symbolske matrettene under det jødiske påskemåltidet (portugisarjødisk haggadá, asjkenazisk: seder). Ḥaroset skal minne om mørtelen israelittane arbeidde med under slavearbeidet i Egypt. I Nord-Europa er det to hovudvariantar av ḥaroset: Grunnoppskrifta for portugisarjødisk ḥaróset er eple, pærer og rosiner med nøtter og kanel. I eldre tid kunne det òg bli innblanda ei lita mengd med finknust teglstein. Grunnoppskrifta for asjkenazisk charoises/charöises er eple, nøtter, vin og honning.

Portugisarjødisk ḥaroset.
Foto: Olve Utne (2017).

Kjelder og lenkjer