Alfheim skule
Alfheim skule i Sogndal kommune tilhøyrde Valeberg skulekrins.
Skulehuset
Skulen var ferdig i 1909, og fungerte som skule fram til 1937. I tidsrommet 1940-1947 blei det også halden skule på Alfheim. Etter 1947 blei det heilt slutt på skulegangen på Alfheim i Valeberg. Sett bort frå eit påbygg på baksida er huset originalt slik det var den gongen huset blei brukt som skule.
Andre bruksområde
Skulehuset blei kjøpt opp av private, og det har sidan vorte nytta som feriebustad.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Jakobsen, Kjell (2016). Skulehusi i Sogndal kommune. I: So han sa, 2016 årgang 17, s. 13. Digital versjon på Nettbiblioteket.