Ananias Olsson Håbakken

Ananias Olsson Håbakken (1768-1853) var gardbrukar, fødd i Andersgarden (bnr. 1) på Masdal på Vartdal, som i denne perioden høyrde til Hareid sokn i Ulstein prestegjeld. Ananias Olsson vart gift med Anne Lisbet Johannesdtr. (1765-?) frå eit av bruka på Håbakken (Håbakk vestre, bnr. 1) på Hareid, og i 1796 overtok han bygselen på dette bruket. Seinare vart han gift med Marte Eriksdtr. (d. 1859).

Både faren, farfaren og oldefaren til Ananias Olsson er registrerte som lagrettemenn. Ananias Olsson var ein periode medlem av skulekommisjonen i Ulstein, og han var elles mykje nytta i ymse tillitsverv. Våren 1814 var Ananias Olsson Håbakken valmann for Ulstein prestegjeld.

Kjelder

  • Bjåstad, Ingvard og Waage, Asbjørn: Bygdebok for Ulstein og Hareid, bd. V, Gardar og folk, s. 391-392.
  • Buset, Johannes: Vartdalssoga, gards- og ættesoge, bind 1, s. 314-316.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 330.
  • Ananias Olsson Håbakken i Historisk befolkningsregister.