Andreas Cordsen

Andreas Cordsen (døypt 18. november 1778 i Stavanger, gravlagd 16. oktober 1817 i Stavanger) tok teologisk embetseksamen 30. april 1807 og var ei tid skipsprest i Kina.

Han heldt den fyrste gudstenesta si i Jostedalen 15. mars 1808 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i 1807. Det har nok vore så som så med vedlikehaldet av Jostedal prestegard i tida hans. Åbota for prestegarden då Cordsen overtok kallet og garden i 1807, kom på 125 riksdalar. Då Cordsen forlet Jostedalen, måtte han ut med 236 riksdalar til etterfølgjaren Holger Halling Schjødt.[1]

I kallsboka heiter det at han "syntes undertiden at lide af nogen sinds/aandsforvirring". Biskop Pavels har følgjande soge om Cordsen: "En dag var prediken tillyst, og almuen samlet. Da faldt det presten ind at han ikke vilde prædike, men lod klokkeren lese en prædiken fra kordøren. Det skede, og almuen fandt sig deri. Men da den gik ud av kirken, hadde Cordsen klædt sig av og svømmede om i et vand straks udenfor, for alles øine."[2]

Cordsen fekk seg likevel eit nytt presteembete. Han heldt avskilspreika si i Jostedalen 1. januar 1812 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vikedal. Han fekk avskil frå embetet 4. mars 1816 og flytte til Stavanger der han døydde kort tid etter.

Notar

  1. Åbotsforretningar 1808 og 1813, jf. Øvregard 2010, s. 201
  2. Sitert etter Laberg 1948, s. 185

Litteratur og kjelder



Forgjengar:
 Johan Henrik Lind 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Holger Halling Schjødt