Annie Gangestad
Annie (Anni) Christine Gangestad (fødd 6. april 1888 i Øyestad, død 1959) var lærar og fotograf. Ein del bilete finst i Aust-Agder-arkivet.
Ho var dotter av folkeskulelærar Johan Gangestad (f. 1849) og Hanna Katrine Gangestad (f. 1858).
I folketeljinga 1910 finn vi ho som «barnefrøken» hos trelastgrosserar Oswald Helle Gotlieb Gjedde Parr og Clara Parr i Frognerveien (Oslo) 19 i Kristiania.
Ho blei uteksaminert frå Kristiansand lærerskole i 1914.[1] I 1915 blei ho tilsett som timelærar ved Songe skole i Arendal.[2] Året etter fekk ho jobb på Arendals folkeskole, og frå 1916 til 1923 var ho på Kolbjørnsvik skole. I 1923 fekk ho jobb på Rjukan byfolkeskole. I 1928 hadde ho ei studiereise til Tyskland og Italia. Seinare finn vi ho i Andebu, der ho blei tilsett som lærar i 1933.
I 1952 blei ho vald som formann i Aust-Agder Mållag.[3] Ho var med på å grunnlegge Austegdelaget, og ho var aktiv i partiet Venstre.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Annie Gangestad på Digitalt museum.
- Annie Gangestad på KulturNav
- Erlandsen, Roger: Norske fotosamlinger. Utg. Ad Notam. Oslo. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Nekrolog i Dagbladet 1959-04-01. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Annie Gangestad i Historisk befolkningsregister.
Annie Gangestad er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
- ↑ «Lærerinneansettelse i Andebu» i Sandefjords Blad 1933-04-08. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ «Arendals Skolestyre» i Vestlandske tidende 1915-05-22. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ «Ny formann i Aust-Agder Mållag» i Fædrelandsvennen 1952-10-04. Digital versjon på Nettbiblioteket.