Arnljot Gelline

Arnljot Gelline var ein av følgjesmennene til Olav den heilage, og døydde med kongen i slaget på Stiklestad i 1030. Snorre fortel at han var ein stimann og røvar frå Jemtland.

Arnljot skal ha latt seg døype rett før slaget på Stiklestad.

Bjørnstjerne Bjørnson skreiv i 1870 diktet «Arnljot Gelline», og han har òg vore nemnd i andre verk frå nyare tid som ein av Olav sine lojale menn.

I 1914 ga Oslo kommune ein veg på Kværner namnet Arnljot Gellines vei.

Litteratur