Astrid Bugge

Astrid Bugge (fødd Schjoldager 7. februar 1902 i Kristiania, daud 16. august 1988) var konservator, forfattar og folkeminnesamlar, frå 1954 førstekonservator ved Norsk Folkemuseum.

Førstekoservator ved Byavdelingen, Astrid Bugge , fotografert i 1959.
Foto: Norsk Folkemuseum.

Familie

Astrid Bugge var datter av overrettssakfører Harald Romolo Cesare Schjoldager (f. 1875) og Ragna Jørgensen (f. 1878), og vart gift i 1929 med kunsthistoriker og professor Anders Bugge (1889-1955).

Norsk folkemuseum og folkeminnesamling

Astrid Bugge, den gong Schjoldager, tok examen artium i 1921 og magistergrad i kunsthistorie i 1927.

Bugge vart konservator på Norsk Folkemuseum i 1952 og fyrstekonservator i 1954. Same året sendte ho ut ei spørjeliste for Norsk etnologisk gransking, NEG 44 med emnet veving. Spørjelista gav utgangspunktet for 151 unike svar frå heile landet som vert tilgjengelege på domenet Samla.no.

Ettermæle

 
Astrid Bugge er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013).

Astrid Bugge er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Tittelen Førstekonservator er nytta på gravminnet.

Bibliografi

Kjelder og litteratur