Austbygde Bondeheim
Austbygde Bondeheim låg i Austbygd i Tinn kommune, like ved Tinnsjøen. Overnattingsverksemda blei starta i 1920 av J. O. Haugan. Frå 1926 leigde Jensine Hansen staden. Det var plass til 15-20 gjester og innreia med spisesal, salong og kafé. Her var også ølrett.[1]
Referansar
- ↑ Sætherskar, 1949, s. 905.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949.