Berdal skule

Berdal skule fantes i byrjinga av dalen i Feios, Vik. Skulen var plassert på Skulehusuri på Berdal og her gikk elevane frå Berdal krins. På gardar i nærleiken som tilhøyrde andre krinsar vart det framleis heldt omgangsskule.

Skulehuset

I 1860 kom lova som kravde at det skulle byggjast faste skuler i landet. Ole Olsen Otrehjell (1831-1922) fekk oppdraget med å få satt opp skulestova, og den blei bygd allereie i 1863. I utgangspunktet skulle skulen vere bygd med kvadratiske undervisningslokalar, men tømmermaterialet hadde Leikanger kommune kjøpt allereie i 1861 og da fantes ikkje denne reguleringa. Altså blei skulehuset på Berdal satt opp rektangulært.

I 1879 blei skulekrinsane i kommunen endra etter fleire år med klaging frå gardane Smidje, Helleland og Tjønn som tilhøyrde Dale skulekrins. Det resulterte i ei samanslåing av krinsane Berdal og Dale. Skulen blei flytta til Helleland., og krinsane utgjorde til saman det som blei nye Helleland skulekrins.

Andre bruksområde

Kjelder og litteratur

Digitale kjelder


Koordinater: 61.12991° N 6.74680° Ø