Bonden (1909–1922)
Bonden var eit målblad som kom ut på Lillehammer i åra 1909–1922, det meste av tida med Stefan Frich som redaktør. Bladet kom ut i nært samarbeid med Austmannalaget. Saman med Breidablik gjekk Bonden inn i det nye målbladet Austland frå nyttår 1923.
|