Bordvegen (Bø i Telemark)

Bordvegen i i Midt-Telemark kommune går sørover frå Borgjavegen og endar blindt ved nr. 100. Dette er hovudvegen inn i Breisås bustadområde. Han er om lag 1,2 kilometer lang.

Bordvegen i Breisås.
Foto: Roy Olsen (2016).

Bordvegen er truleg eit namn som skriv seg frå 1600-talet og plankekøyringa som gikk føre seg på vintervegen frå Lunde og Eikjabygda, bakom Staurheim og Borgja og tvers gjennom Torstveit. Vegen blei namnsett i 1975.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972, s. 109


Koordinater: 59.40743° N 9.06641° Ø