Brekkestranda fjordhotell
Brekkestranda fjordhotell er eit hotell i Brekke i Gulen kommune. Det var Ingeborg Brekke (1908–1999) frå Brekke som starta hotellet i 1970 og arkitekt var Bjørn Simonnæs (1921–). Ingeborg Brekke hadde vore kokke fleire stader før ho kom attende til Brekke i 1939 då ho vart post- og telefonstyrar i bygda. Ho bygde det skeive, særmerkte hotellet Brekkestrand fjordpensjonat der ingen vinklar er rette. Torvtak, naturstein og hunbord vart nytta i bygginga.
Då Ingeborg Brekke vart pensjonist tok sonen Bjørn Brekke over hotelldrifta til han selde hotellet i 2008[1].
Kjelder:
- Hvem er hun?. Utg. Cappelen. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norsk kunstnerleksikon. Utg. Universitetsforlaget. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Starheim, Ottar: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Utg. NRK aktivum. 2009. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Uvanlig hus og uvanlig vertinne. Møte med Ingeborg Brekke på Brekkestranda Fjordpensjonat.. Utg. NRK (the Norwegian Broadcasting Corporation). 19740811. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Strilen 2009.02.21, s. 16-17. Digital versjon på Nettbiblioteket.