Brukersamtale:Arnfinn Kjelland/Båtboks

Nytt emne

Diskusjonen på båtboksane starta under: http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Brukerdiskusjon:Oddvar_Høydalsvik, fortset her då boksa går mot sluttføring her: Mitt mål er å få til ei boks som ligg så nær opp til; http://biblioteket.imr.no/e-tidsskrifter/merkeregister2/index.htm (vår forkorting, FMNF). I dag, etter lang diskusjon med http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Bruker:Magnar_Høydal lasta eg opp slik eg trur vi tenkte i lag, vonar han og lastar opp slik han tenkte. Same kor vi gjer det blir det for mange kolonner. Har teke bort Merknadar då opplysingane bør stå i tekstdelen. Har lagt inn kolonne på rigg (master og segl), brukt før motor, framleis brukt i kombinasjon med motor i seglbåtar. Magnar, med mykje røynsle frå Exel-ark, seier det er enklare for utrena folk å fylle i rutene når ein kan byte ut tekst i staden for å fylle i tome ruter, så slik eg nett lasta opp er med kort overskrift og ruter med tekst for utbyting. Ikkje ferdig enno. Vi snakka om at ein bør bruke / i rutene mellom lengde/breidde/djupne 21,2/8,0/4,5. Forklaringane i små skrift ved overskrift får eg ikkje til å gjere noko med, men det er kjekt om desse går frå V mot H, stigande tal som nr på kolonnene.Oddvar Høydalsvik 25. apr 2010 kl. 23:29 (CEST)

Da har eg teke vekk det øvste dømet og omredigert det nedste. KommentarArnfinn Kjelland 26. apr 2010 kl. 06:43 (CEST)
Kom til å tenkje på ein ting: det er kanskje enklast for utrena folk å gå inn på denne fana (diskusjon) og gje tilleggsinformasjon / retting til boksen, i staden for å prøve å skrive rett inn i han? Har skrive det inn under forklaringane.Arnfinn Kjelland 26. apr 2010 kl. 06:48 (CEST)
Eg sende på e-post forslag til kolonne overskrifter til Arnfinn, det er viseleg på historikk 25/4 kl 9:47. Med Oddvar vart me einige om å byte om Eigar og Andre opplysningar, Eigar til sist.

Basisopplysningane er basert på fiskeriregisteret, det kom i funksjon frå 1920. Og dermed er hovedtyngda motordrevne fartøy. Å bruke ei kolonne på Rigg og segl meiner eg vert feil. Ikkje all informasjon kan leggast i ei slik boks. Dermed så må ting forklarast i stykke. Så eg held fast på kolonna for andre opplysningar. Der er mange vitale opplysningar som t.d. halvbakk, heilbakk, trålarbakk og shelterdekk og mykje meir som er normale opplysningar. Der ein skal fylla inn data for kvar båt vil eg gjerne ha ledetekst som ein erstattar med faktisk tekst, for å ikkje trå feil. Kunne det også vore ferdig formatert ville det vore ein fordel. Eksempel: Kol 1: Kampen M-8-VA. Kol 2: 1916/ / klinka kutter. Kol 3: 34,0/ 12,0/ 5,7. Kol 4: ukjend Kol 5: Hein/ ?/ 10. Kol 6: Halvbakk. Kanon for størjefangst. Kol 7: Eigars namn. Har fått med at Siri J vil ha lite tekst i tabellhovud. Trur det er best at wiki administratorane prøvar å finne gode løysingar. Har i allefall prøvt å tilkjenne gi mi meining.Magnar Høydal 26. apr 2010 kl. 20:31 (CEST)

Da har eg lgt inn att eit felt for Andre opplysningar. Men eg er redd vi sjølve må finne ut av korleis vi tekstar kvar kolonne. Å bruke referanse slik det er gjort var så langt eg hugsar eit forslag frå Siri. Eg prøver no ei form for ledetekst - er det slik du tenkjer deg, Magnar?Arnfinn Kjelland 26. apr 2010 kl. 21:38 (CEST)
Eg trur vi er i omlag i mål. Bør ikkje Andre opplysingar kome før Eigar ? Det er vel i hovedsak opplysingar om båten som skal inn her. Kommentar ellers: Dette var ein prosess med mykje læring i seg. I tillegg er eg fornøgd med at det er mogeleg å få delta her i utforming av ting ein er oppteken av. Oddvar Høydalsvik 26. apr 2010 kl. 22:59 (CEST)

Begynn en diskusjon med Arnfinn Kjelland/Båtboks

Start en diskusjon
Tilbake til Arnfinn Kjelland/Båtboks’ brukerside.