Bygdabok for Dovre. Gardar, hus og folk
Bygdabok for Dovre. Gardar, hus og folk er eit verk i fire band, som tar for seg gards- og slektshistorie for all busetnad i Dovre kommune frå 1600-talet til i dag.
Bøkene vart redigerte og gjevne ut av redaktør og medforfattar Arnfinn Engen (1944-2014), som bygde på eit omfattande manuelt stoffinnsamlings- og ordningarbeid utført av Gunnar Kaas (1915-2007), og dei står begge som forfattarar.
Bandinndeling, utgjevarår og innhald:
- (2003): Frå Hjerkinn til Hjelle. Gnr. 1 - 18, 78 og 79
- (2004): Frå Engum til Tofte. Gnr. 19 - 38
- (2006): Frå Skjelstad til Rudi. Gnr. 39 - 56
- (2007): Frå Langdalen til Dovreskogen bygdeallmenning. Gnr. 57 - 75