Dale krins (Hyllestad)

Dale krins i Hyllestad kommune vart eigen krins i 1872 og dekka Systad, Buvik, Markhus, Alefjell, Øvreås, Ytre/Indre Dale og Tonning. Dette område var i perioden frå 1861 til 1872 delt mellom to ulike krinsar: Ein som dekka Akse, Birkeland, Sætre, Systad, Buvik, Eide, Ytre/Indre Dale, Tonning, Løland, Nes og Espeland, og ein som dekka Øvrås, Markhus, Alefjell, Ytre og Indre Skor, Solås, Røstenskar.

I 1924 vart Løland, Birkeland og Dale slått saman til Åfjorddalen krins.

I 1890 kom skulestyret med framlegg om felles skulestad for 5. til 7. klassingane frå Birkeland, Dale og Løland i Eidsneset. Dette vart motteke med store protestar og skulestyret trakk forslaget.

Skulehus

I 1861 vart det halde skule i ei rodestove på Systad for alle borna frå Akse, Birkeland, Sætre, Systad, Buvik, Eide, Ytre Dale, Indre Dale og Tonning. Frå 1863 vart skulen lagt til ei stove på Eide i Eidsneset.

I 1924/25 vart krinsen slått saman med Birkeland og Løland og desse fekk nytt skulehus: Åfjorddalen skule.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Løland Ole Bendik 1850 Løland//Dale/Åfjorddalen 1875 Stord Seminar og Balestrand lærerskole
Lybakk Ole Rasmus Dale 1880 Tok over i Dale krins etter Ole Bendik Løland når han vart flytta til Løland krins
Eide Andreas A. Løland, Birkeland og Dale Nynorskmann, forsvann brått frå lærarjobben og frå Hyllestad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Ingemar Nordstrand (2009) Gamal og beisk skulestrid i Lølandsgrenda. Sogeskrift frå Hyllestad 2009.
  • Sogn og Fjordane fylkesarkiv:
    • Kommunestyreprotokollar 1861-1926
    • Skulestyreprotokollar 1861-1926
    • Krinsprotokollar Løland, Dale og Birkeland krinsar

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.17198° N 5.38387° Ø