Dalsøyra skule
Skulehuset
Dalsøyra skule ligg nokre kilometer opp frå hovudvegen i eit naturområde. Skulen har 9 klasserom og ei rekkje spesialrom. Han har eigne avdelingar, mediatek, for 1—4 klasse, mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Skulen har eit stort uteanlegg med mellom anna fotballbane, tennisbane og innandørs skytebane.
Ny skule på Dalsøyra stod ferdig i 1971, men denne brann dessverre i 1975. Skulen vart bygd opp igjen og stod klar i 1977.
Anna bruksområde
I tillegg til skule er det barnehage, samfunnshus og idrettsanlegg på Dalsøyra skule.
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Femårsmeldingar for Gulen og Brekke
- Brev frå Alf Sæternes ved skulekontoret i Gulen til Mona Furnes, datert 4/12 1976.