Dovre kommune
Dovre kommune er ein kommune i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke. Han grensar mot Oppdal i nord, Folldal i aust, Sel og Vågå i sør og Lesja i vest. Kommunen vart oppretta ved deling av Lesja herad i 1862. Administrasjonssenteret er tettstaden Dovre, og andre befolkningssentra er Dombås og Hjerkinn. Tradisjonelt er det ein landbrukskommune, men i nyare tid har industri og turistnæring også blitt viktige næringsveger.
Dovre | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 3431 |
Fylke | Innlandet |
Kommunesenter | Dovre |
Areal | 1364.39 km² |
Areal land | 1352.6 km² |
Areal vann | 11.79 km² |
Folketall | 2 642 (2018) |
Grunnlagt | 1862 (utskilt frå Lesja) |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Dovre er ein fjellkommune, som omfattar Snøhetta og den nordlege delen av Rondane. Dei tre nasjonalparkane Dovrefjell-Sunndalsfjella, Rondane og Dovre omfattar områder i Dovre kommune.
Kommunen har ikkje fatta målvedtak, men har ein nynorskandel på over 98 prosent.
Kjelder
Eksterne lenkjer
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Dovre Kommune (hovedutvalget for kultur) på Digitalt museum.
- Dovre Kommune (hovedutvalget for kultur) på KulturNav