Driftavegen gjennom Viglesdalen

Driftavegen gjennom Viglesdalen i Hjelmeland kommune i Rogaland er ein gamal ferdselsveg som følger dalføret innover mot turisthytta Stakken og vidare til Nilsebuvatnet og Nilsebu. Vegen er ein del av nettverket av dei gamle ferdselsårene austover fjellet frå Ryfylke til Setesdal. Frå 2020 har ruta status som Historisk vandrerute

Ein av dei flotte vegkonstruksjonane på driftavegen i Viglesdalen.
Foto: Njål Vadla

Fyrste del av turen er ein imponerande drifteveg som vart bygd av svenske rallarar i åra 1907-1912. Planen var truleg å bygge den vidare austover. Driftevegen går i et fantastisk kulturlandskap langs sørsida av Storånå frem til Viglesdalsvatnet. Ved enden av Viglesdalsvatnet ligg fjellgarden i Viglesdalen, med arkeologiske spor heilt tilbake til jernalder. Den historiske vandreruta fortsett vidare mot Stakken og Nilsebu. Frå Nilsebu kan ein gå ned til Lysestølane.


Historie

 
Den gamle turisthytta frå 1922 slik ho såg ut i 1939. Ane og Jone Austigard med sonen John.

Frå gamalt av var det ikkje berre enkelt å koma seg til Viglesdalen, kor det har budd folk i tusenvis av år. Med bratte fjell på alle kantar var det både tungt og til tider farleg å dra inn i dalen. I tidlegare tider gjekk det to driftevegar på kvar si side av Viglesdalsvatnet, men ferda langs vatnet var særs krevjande. Ved Hia har den lumske elva teke ei rekkje liv i ulukker opp gjennom åra. Til saman har sju personar drukna i Hiafossen. Gardsfolket kryssa elva i ein høl like ovanfor fossen. Med flaumstor elv kunne det vera særs farleg. Den mest kjende og alvorlege ulukka skjedde 28. mai 1833, då tre gutar på 10, 12 og 15 år omkom på veg over elva i robåt. Den eine åra brakk undervegs, og gutane forsvann utfor stupet.

Planane om å byggja den nye driftevegen blei vedteke av amtet i 1897. Den gongen var planen at driftevegen skulle gå heilt frå Bergaland i Årdal til Nilsebu. Grunngjevinga for å bruka pengar på vegen var den omfattande bruken av heia til beite. Det var rekna med at 11.000 sauer, 200 storfe og nokre hestar nytta beitet kvart år. Arbeidet med å få desse til fjells ville bli mykje enklare med ein skikkeleg drifteveg. Vegen vart bygd av svenske anleggsarbeidarar i perioden 1907 til 1912, men då ferdselsåra til Viglesdalen sto ferdig var det ikkje. lenger like aktuelt å byggja driftevegen heilt inn til Nilsebu. Amtstinget meinte at beitebruk lenger innover i heia hadde minka. Beiteområde vart seld til jaktterreng i staden, det var ikkje lenger bruk for vegen, meinte amtet. Kommunestyret måtte difor nøye seg med ei langt enklare utbetring av stien vidare til Nilsebu.

Turisme

 
REKREASJON I KRIGSTID: Fjelltur til Viglesdalen under 2. verdenskrig. Frå venstre. Johannes Skår, Ingfrid Østerhus, Jens Sie, Ester Dalane og Gudrun Mæle (Nedrebø)

I godt samarbeid med bygdefolket har Stavanger Turistforening hatt overnattingstilbod i Viglesdalen sidan 1922. Dei første åra var hytta særs enkel. Det ble sett opp ei enkel steinhytte på tuftene etter våningshuset til dei siste fastbuande gardbrukarane. Hytta vart opna med pomp og prakt, og som ein kuriositet kan me nemna at menyen bestod av skilpaddesuppe, avkokt laks og stavangerlam. Med overnattingsmoglegheit i Viglesdalen blei den lange turen mellom Årdal og Nilsebu mykje lettare. Den gamle hytta vart seinare overteke av lokale sauefolk. Stien frå Nes inn til Viglesdalen passerer «eldstehytta» nokre hundre meter før ein kjem fram til dei noverande turisthyttene. Frå 1931 blei det endå betre å vera turgåar i Viglesdalen. Då vart det bygd ei heilt ny hytte, med soveplass til 12, stove, kjøkenkrok og hems. Den same hytta er framleis i bruk som turisthytte, men er endra etter ei ombygging i 1979.

Lenge var 1931-hytta den einaste hytta STF disponerte i dalen, heilt fram til den «gamle» hovudhytta blei bygd i 1991. Bygginga av hytta i klassisk STF-arkitektur signert Louis Kloster ga ein formidabel auke i talet på overnattingar. I 2000 var det 1679 overnattingar på dei to hyttene: det var ei tredobling frå 1990.

Kulturminner

Det er rikt med kulturminner langs driftavegen. både fra Steinalder, jernalder og nyere tid. Det er gjort en omfattende kulturminneregstrering i området, og mange av kulturminnene er derfor å finne i Kulturminnesøk.

Kulturminne Kulturminne-ID Kulturminnetype
Historisk Vandrerute - Driftavegen gjennom Viglesdalen ID237983 Ferdselsveg
Fjellgarden Hia ID269733 Gardsanlegg
Hustuft og stølsdrift ved Myrstøl ID269735 Ruin/Tuft frå nyare tid
Dei gamle nausttuftene ved Viglesdalsvatnet ID267179 Naust/Båtstø
Jernaldergarden i Viglesdalen ID24139 Gardsanlegg
Graver frå jernalder i Viglesdalen ID229165 Røysfelt
Gammal innhegning og heller ID267203 Innhegning/heller
Stølstufter på Fjellstøl ID261211 Fjellstøl
Driftelega og innhegninger ved Brekkahelleren ID142716 Driftelege/helleren
Den skjulte helleren i Steggjadalen ID142708 Heller/Støl/Driftelege
Historisk Vandrerute - Driftavegen gjennom Viglesdalen ID237979 Ferdselsveg
Hellere ved Stakken ID142734 Støl/Heller/ Driftelege
Dyregravene ved Dyragravvatnet ID270708 Fangstgroper
Storhiller Driftelege, fangst og utmarksbruk i 9000 år ID142752 Jaktbu/Steinalderbuplass
Stølstufter ved Storhiller ID223328 Støl
Øks frå steinalder ID229066 Steinalderfunn
Driftelege og stølstufter under vatn ID142706 Støl/Heller
Den første Nilsebua, driftelege og steinalderbuplass ID142732 Støl/buplass

Geologi og vegetasjon

Gjennom heile Viglesdalen går du stort sett på granitt som er meir enn ein milliard år gammal. Det er ein typisk isforma dal med bratte dalsider. På svaberga i løypa kan ein snuble i flotte, smale kvartsgangar som stikk opp over granitten. Her var berga tidlegare dekte av vegetasjon som er slitt bort av turgåarar og sauer. I vegetasjonen var det humusmyrer som bidrog til kjemisk oppløysing av granitten, medan kvartsen vart ståande. Vidare innover dalen manglar det ikkje på skredvifter og store steinar som har rast ned frå dalsidene. Mykje har nok rast ut like etter siste istid, men det er også fleire rasskråningar som er aktive i dag. Det er størst rasfare i samband med smøsmelting og mykje nedbør.

Kilder

Bang-Andersen: Hva kan Storhiller fortelle. Stavanger turistforenings årbok 2017: 10 favoritter : hyttedrømmer i Ryfylkeheiene.

Bang-Andersen: På gamle tufter i Viglesdal. Stavanger turistforenings årbok 1991

Bang-Andersen: Det har vært gardsdrift i Viglesdalen i 300 år. Stavanger turistforenings årbok 1984

Adrianssen J. 1999: Nasjonal verneplan. V1133-001 m. fl. Driftevegen i Årdal. Statens Vegvesen. Vegdirektoratet.

Eksterne lenker

https://www.historiskevandreruter.no

https://inspirasjon.ut.no/historiske-vandreruter/pa-historiske-stier/103711

  Artikkelen Driftavegen gjennom Viglesdalen inngår i prosjektet «Historiske vandreruter». Målet med dette prosjektet er å øke kjennskapen til og bruken av gamle ferdselsruter med både kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvaliteter. Den Norske Turistforening (DNT) og Riksantikvaren samarbeider om prosjektet.[1] Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes via prosjektforsida og denne alfabetiske oversikten.